Maota betyr "må vita" på vossamål

Maota vert driven frå Voss, ei fjellbygd mellom dei største norske byane, og staden for samarbeid, kreativitet og inspirasjon. Vessene sa i gamledagar "maota" etter forteljande setning, må vita.

icon-learning-white

Kvifor Voss?

Voss er meir enn berre nydelege landskap; det handlar om menneska, kulturen, historien. Å vere basert på Voss gir eit unikt fortrinn – vi ser utfordringar og løysingar med nye auge, inspirerte av den fantastiske naturen rundt oss og takhøgda som finst mellom menneska her.

Om Maota

Maota er eit dotterselskap og vidareføring av IT-selskapet Datahove AS, som starta opp med webutvikling og drift i 2013. Maota har fleksible arbeidsplassar, men har hovudkontor sentralt på Voss. Der er vi ein del av eit kreativt miljø som leverer alle tenester du treng for di reise frå idéskaping til verdiskaping.

Vårt løfte

Maota lover dedikasjon, innovasjon og ein dæsj av Voss i kvart prosjekt. Anten du er nær eller fjern, lat oss saman leggje ut på ei digital reise!

Kva er viktig for oss?

Kjerneverdiane som ligg til grunn for alt me gjer, og som me vender oss til når me lurar på kva me skal gjere. Her får me svara våre:

Integritet

Me er stolte av arbeidet vårt og veit at det me leverer er så bra som det kan bli. Me som bur på ein liten stad vil gleda oss til å møta deg på gata, og høyra korleis det går etter at du fekk hjelp frå oss.

Ærleg

Utan tillit klarar me ikkje å utnytta våre fulle potensiale. Derfor er me ærlege med oss sjølve, kvarandre og kundane våre!

Tydeleg

Å vere tydeleg er ein viktig ingrediens i gode samarbeid.  Forventningar må avklarast og haldast oppdatert undervegs, for alle partar.

Set hjulene i gong!

Send informasjon til oss her slik at vi kan førebu hjelp til deg best mogleg.