Interaktivt kartoppslag for Voss Fiber
I vinter har Maota jobba med nye nettsider til Voss Fiber! Det var ikkje ei heilt vanleg side dei skulle ha...
Publisert 22. mars 2022

Kan eg få fiber her?
Det ville Voss Fiber svara på, etter at dei har teke på seg eit stort ansvar og bygd ut fiber til store deler av den vene vossabygda vår. Maota fekk det ærefulle oppdraget med å bygga splitter nye nettsider, ikkje ei standard side nei, den skulle ha interaktivt fiber-oppslag og Sales Force integrasjon for å få salgsledetrådane direkte inn i CRM-systemet sitt (evt «leads» om du ikkje forstår den vene fornorskinga). Me var hoppande glade då me høyrde at dei hadde booka inn Anne-May på Logolink for å utarbeida brand guide (kva er dette på nynorsk? Merkevare rettleiar?), då hadde me eit glimrande utgangspunkt til webdesignet. Dessutan vart vår geniale kontor-buddy og fotograf Hunnalvatn Media hyra på for å knipsa bilete til både nettside og kampanjar, kunne det bli betre??
Å sende brukardata til kunde-relasjonssystemet (CRM)
Me kan avsløra at det gjekk nokre uforutsette timar på Sales Force-integrasjonen. Her samarbeida me med Know-IT som var ekspertane på å setje opp dette omfattande CRM-systemet for vår felles kunde. Det er alltid spennande å jobba saman med eksterne selskap om slike integrasjonar, på kvar si side av kunden. Me er takksame for denne spesielle erfaringa som me kan ta med oss vidare til framtidige prosjekt!
Lanseringsfest på sosiale media
Når ein har jobba så grundig og er så nøgd med resultatet er det særs kjekt å få lov til å skryta av arbeidet til verda. Vår ekspert på digital marknadsføring Julian stod i bresjen for å laga ein skikkeleg kul kampanje, med den deilige stemma til sjølvaste jazzsjefen Trude Storheim, som fortel deg korleis du kan slå opp adressa di på nettsida og få svar på om du kan få fiber der. Brede på Voss Fiber har planlagt fleire kampanjar framover saman med Julian og Jon, så det er berre å fylga med!
Del artikkel



