Eldsjeler med lidenskap for motor

"Annie her. Sitter med styret på nyoppretta Mekkeklubb på Voss. Har samlet oss litt penger og skal få på plass nettside. Konseptet ligner litt på dette her https://valdresgatebil.no." Og slik starta samarbeidet med Voss Gatebil.

Publisert 8. januar 2024

Voss-Gatebil_Farge_BG-SVART

Med inspirasjon frå Valdres, Telemark og Top Gear

Sjølve har me slavisk binga NRK-serien Rådebank og fekk fort assosisjonar til billakkeraren Hege og den fine gjengen som ragga rundt i Bø. Når Annie og Lars-Erik kom innom til oss på Meieriet fekk dei om mogleg endå meir ild på tann og stjerner i augo av å snakka med Janne, som har turnert i årevis med BBC-serien Top Gear.

Finpuss på identitet og logo

Me avtalte fort ein workshop med heile styret i mekkegjengen for å snakka om identiteten deira, og korleis kommunisera best mogleg på nettsida og andre kanalar. Gjengen hadde også orga ein konkurranse i miljøet for å få idear til logo. Ein skikkeleg sprek teikning har dei fått ut av det, og me foreslo å finpussa på den så den var enklare å bruka på ulike format, som til dømes som sjablongar som ein kan spraya logoen gjennom. Mekkegjengen fekk velja frå nokre forslag som likna teikninga, slik vart den til slutt og me digga den!

Dra i handtaket på midten og sjå heile

Opningsfest med kjekt for alle

Den 11. januar skulle alt skje. Opning av lokale med brask og bram og nettsida måtte i alle fall vere klar så dei kunne fortelje om alt dei driv med og registrere medlem til klubben. Festen vart ein suksess og me syntes det var fantastisk kjekt å sjå logoen sveisa i metall, ei gåve frå Valdres Gatebil <3

Mockup-VossGatebil

Dette var ein kjekk gjeng å jobba med og me ynskjer Voss Gatebil te lukka vidare med engasjementet!

Fleire innlegg Maota

Women in Tech - Foto: Thor Aage Lillestøl

Må Women in Tech kunna noko om teknologi?

Hunnalvatn Media og Datahove på jobb!

Baseingrediensane til gode samarbeid

Samarbeid Loglink-Hunnalvatn-Maota

Ver RÅ på dine ting – differensier deg!

Voss-roset-bwt