Visit Voss lanserer portal for bedriftsopplevingar!

Saman med SPRiLT har Maota fått æra av å bygga den nye portalen som skal visa fram Voss som Noregs beste destinasjon for bedrifter!

Publisert 8. juli 2024

Intern-lansering av den nye portalen på Last Tuesday under Ekstremsportveko. Foto: Åsmund på Visit Voss
Intern-lansering av den nye portalen på Last Tuesday under Ekstremsportveko. Foto: Åsmund på Visit Voss

Saman om bedriftsmarknaden

Me er ganske så gira på å fortelja om denne innovative portalen som viser fram korleis reiselivet på Voss SAMARBEIDER for å kunne ta i mot større bedrifter til bygda vår. Me veit ikkje om nokon annan stad i landet som har gjort dette tidlegare - men det me veit er at bygda vår er som skapt for unike og inspirerande opplevingar. Det er godt å vere saman på Voss!

Og når me i tillegg har eit framsynt destinasjonsselskap som Visit Voss, og lokale verksemder som er klare som hardkokte egg, så er det berre å pakka alt saman i ein drøss med spennande konsept, og så visa det fram til heile marknaden.

Her kan du sjå ein sneak-peak av portalen, trykk for å forstørre skjermbileta.

Poenget med å ta bedrifta til Voss

Voss er kjend for sin nydelege natur, med fjordar, fjell og elver, som gir ei perfekt ramme for lagbygging og kreative workshops. Her kan ein også oppleve ei rekkje aktivitetar som bidreg til å styrkje samhaldet og auke motivasjonen mellom dei tilsette.

Fordelane med å reise bort

Her er nokre av mange fordeler med å ta med heile gjengen på tur til ein stad som Voss!

  1. Fokus: Ved å fjerna seg frå den daglege rutinen og kontormiljøet, slepp ein unna distraksjonane og ein blir kjende med seg sjølve og kvarandre på nye måtar og i andre miljø enn kva ein er vane med.
  2. Betre samarbeid: Lagbygging-aktivitetar i naturen bidreg til å styrkje relasjonane mellom kollegaer, noko som igjen fører til betra samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen.
  3. Redusert stress: Naturopplevingar og fysisk aktivitet er kjend for å redusera stressnivået, slik at ein kan senka skuldrene og vere mentalt til stades, fokusera på kvarandre og på temaet.
  4. Innovasjon: Eit miljøskifte kan stimulere til nye idear og innovasjon, då tilsette får høve til å tenkje utanfor boksen og finne kreative løysingar på utfordringar.
Frå Last Tuesday på Ekstremsportveko - internlansering av bedriftsportalen. Foto: Åsmund på Visit Voss
Frå Last Tuesday på Ekstremsportveko - internlansering av bedriftsportalen. Foto: Åsmund på Visit Voss

Bedrifter med retningslinjer for bærekraft

Mange verksemder har i dag retningslinjer for bærekraft, og sannsynlegvis plukka ut nokre av FN sine bærekrafts-mål som dei ynskjer å bidra til å oppnå (me i Maota er for øvrig særs glade i nr 17). Alle konsepta som er utvikla i portalen skal kunne passa med fleire av bærekraftsmåla, med tanke på både innhald og transport. Å ta toget til Voss er superenkelt og det slår flyreisene ned i grusen når det kjem til oppleving og klimautslepp. Spesielt kjekt er det med gruppe-reiser på toget - der kan ein nemleg leiga sine eigne vogner!

Alle i samme båt - scroll deg gjennom konseptet

Her kan du sjå døme på eit av favoritt-konsepta våre, som er lagt opp til organisasjonar på ein storleik mellom 200-300 personar. I dagsprogrammet kan du sjå ein aktivitetsmeny som ein kan dela opp i ulike lag, etter avdeling, interesse, eller kva ein måtte ynskja. Ved å slå saman fleire hotell i overnattingstilbodet kan Voss også ta i mot større verksemder! Sjølvsagt er transport mellom lokasjonane teken høgde for.

Kva for eit er ditt draume-konsept?

Kva vert det neste?

Me har destinasjonen, me har naturen, verksemdene og miljøet for å ta i mot store grupper, heile året. No har me bygd opp ein struktur for event og konferanse - og forhåpentligvis resulterer dette etter kvart i årlege hendingar - som igjen får positive ringverknader for bygda vår i ein oppadgåande spiral. Når me klarar å koma saman og sjå i same retning kan me koma langt! Var det nokon som sa kongress?

Overleveringsmøte med gjengen som har samarbeida om Saman-prosjektet: Visit Voss, SPRiLT og Maota
Overleveringsmøte med gjengen som har samarbeida om Saman-prosjektet: Visit Voss, SPRiLT og Maota

Fleire innlegg Maota

Women in Tech - Foto: Thor Aage Lillestøl

Må Women in Tech kunna noko om teknologi?

Hunnalvatn Media og Datahove på jobb!

Baseingrediensane til gode samarbeid

Samarbeid Loglink-Hunnalvatn-Maota

Ver RÅ på dine ting – differensier deg!

Voss-roset-bwt