Velkomen til verda, Tekken!

Tekken skal vere eit inkluderande tech-nettverk på Voss, som fremmer samarbeid, kunnskapsdeling og innovasjon for å styrke det lokale tech-miljøet, og auka synlegheiten til Voss som eit attraktivt innotechmiljø.

Publisert 8. februar 2024

tekken-logo

Det har lenge vore ein draum å starte eit tech-nettverk her på Voss, er det noko me manglar her så er det eit levande IT-miljø! Me veit om nokre råflinke tech-folk rundt omkring men me har ingen naturleg stad å møtast eller bli kjende med nye utanfor arbeidsstaden. Kanskje det finst mange fleire tech-nerdar her enn me veit om, som har lyst å treffa andre likesinna??

I dag samla me oss på Meiriet med dei to kjekke damene frå Girl-tect festen Charlotte og Romana. Charlotte hadde allereie gjort ein imponerande mengde med grunnarbeid, så det gjensto berre no å bli einige om kva dette skal vere, og utarbeida vedtekter, stiftingspapirer og senda det inn til brreg. Her er eit lite utdrag frå vedtektene:

Formål

Være et inkluderende tech-nettverk på Voss, som fremmer samarbeid, kunnskapsdeling og innovasjon for å styrke det lokale tech-miljøet, og øke synligheten til Voss som et attraktivt innotechmiljø.

Formålet skal oppnås gjennom følgende aktiviteter:

  • Teknologiarrangement
  • Åpent for alle med teknologi-interesse.
  • Workshops
  • Foredrag
  • Sosiale arrangement
  • Online forum

Organisasjonsform

Foreningen er en frittstående juridisk person med medlemmer, og er selveiende. At den er selveiende innebærer at ingen, verken medlemmer eller andre, har krav på foreningens formue eller eiendeler, eller er ansvarlig for gjeld eller andre forpliktelser.

Dette betyr i essensen at organisasjonen er non-profit, ingen kan ta ut utbytte frå organisasjonen. 

Medlemmer

Åpent for alle med teknologi-interesse.

Og for å presisera: Altså ikkje berre for jenter! Alle som er interesserte i teknologi er velkomne - uansett kjønn, legning, livssyn og favorittfarge.

PXL_20240208_170308764~2

Den usminka sanninga - slik ser det ut når fire damer idemyldrer om tech-nettverk!

Vil du bli med?

Om du syntes dette høyres kjekt og spennande ut vil me gjerne høyre frå deg! Kanskje du berre vil følga litt med på kva som skjer, eller faktisk vere med å laga til noko kjekt saman med oss, ta kontakt!

Fleire innlegg Maota

Women in Tech - Foto: Thor Aage Lillestøl

Må Women in Tech kunna noko om teknologi?

Hunnalvatn Media og Datahove på jobb!

Baseingrediensane til gode samarbeid

Samarbeid Loglink-Hunnalvatn-Maota

Ver RÅ på dine ting – differensier deg!

Voss-roset-bwt