Teknologi-fest berre for jenter

Girl Tech Fest handlar om å gi jentene tru på seg sjølv og vere med på å skape og drive teknologiutviklinga - saman med gutane! Silje var med på dagens teknologifest på Voss Bibliotek.

Publisert 2. november 2023

PXL_20231102_115917244

I dag vart eg sendt ned på kulturhuset for å vere rettleiar på Girl Tech Fest! Det er altså ein teknologifest for jenter i 5. klasse, arrangert av ODA Nettverket i samarbeid med Voss Bibliotek. Målet er å auke jentene si interesse for teknologi og realfag, og vise dei korleis dei kan vere med på å utvikle verdiskapande teknologi i framtida, det er noko me digga å vere med på!

Det er jo slik at mange jenter mister interessa for realfag og teknologifag i ungdomsperioden. Det kan vere fleire grunnar til det, men ein av dei er at jenter ofte har dårlegare sjølvtillit i desse faga enn gutar, og vel dei bort i større grad. I dag fekk jentene ein dag med berre jenter, med kvinnelege rettleiarar frå teknologiyrker, på deira eigne premissar, og det var tydeleg at dei utfalda seg, turde å utforska og prøva seg på meir.

Eg håpar jo at me får fleire slike arrangement, men gjerne der gutane er inviterte også. Her på Voss er det ikkje så mange slike tilbod for barn og unge, og det kunne vere fint å ha eit inkluderande og mangfaldig teknologimiljø her. Eg er sikker på at jenter og gutar har mykje å lære av kvarandre, og at dei kan ha det gøy med å utforske teknologi saman. Kanskje me skal arrangere ein Tech Fest for alle på Voss?

Eit anna høgdepunkt denne dagen var et eg traff to andre kvinnelege rettleiarar - som bur på Voss! Charlotte og Romana, me utveksla kontaktinfo og eg gler meg til å treffa dei att.

Her er ein liten reel som oppsummerer dagen:

Fleire innlegg Maota

Women in Tech - Foto: Thor Aage Lillestøl

Må Women in Tech kunna noko om teknologi?

Hunnalvatn Media og Datahove på jobb!

Baseingrediensane til gode samarbeid

Samarbeid Loglink-Hunnalvatn-Maota

Ver RÅ på dine ting – differensier deg!

Voss-roset-bwt