Ver RÅ på dine ting – differensier deg!
Det var då må fekk forespurnad frå Verdibygg - lokale takstmeistrar som ynskte ny nettside og betre profilering - at me kontakta Logolink.
Publisert 30. oktober 2024


Design + nettside + innhald
Logolink tilbyr nokre av dei samme tenestene som Maota, men me veit begge at dei er best på design, Maota er best på web (i allefall veit Maota det :D ). Grunnen til at me tilbyr nokre av dei same tenestene er at dei er svært nærliggande, og kundane spør ofte etter begge. Me har snakka om samarbeid tidlegare, og no passa det særs bra sidan dei allereie hadde designa logoen og er kjende med verksemda frå før. Inge på Logolink var klar for prosjektet, og me starta planlegginga.
Slik vart samarbeidsprosjektet utført:
Identitet og strategi
Maota kalla alle inn til ein oppstarts-workshop for å finna ut kven Verdibygg er, og korleis kommunisera kva. Janne i Maota veit nett korleis ho skal få dette ut av kundane våre, og me vart godt kjende med to dyktige karar - som også har eit brennande engasjement for yrket sitt!
Design konsept
Logolink utarbeida så grovskisser som viser konsept for design og layout. Desse gjekk me gjennom saman med kunden, og slik kunne me visa kva me hadde tenkt og gjere justeringar tidleg i prosjektet. Det vert også tydeleg for fotografen å sjå kva stil og format bileta skal ha, og me kunne på bakgrunn av dette laga ein treffande fotoplan!
Fotoplan
Foto har mykje å seie for både detaljar og heilheit. Me klarar å ta litt bilete sjølve og det finst stock-photo av dei fleste generelle motiv, men skal ein verkeleg ha Crème de la Crème, så må det til ein profesjonell fotograf. Her henta me inn Jon i Hunnalvatn Media og som alltid fanga han den rette stemningen og bodskapet som me og kunden ynskjer å få fram.
Tekst - Nynorsk!
Når me no er inne på innhald må me nevna at Inge er ein av dei mest innbarka språk-nerdane me kjenner. Ikkje berre er han ein ordsmed men han har stålkontroll på nynorsken. Det kjem godt med i denne bygda der målføret ein særs viktig del av identiteten vår. Han utarbeida slagord, overskrifter og ingressar til sidene, noko som også må henga saman med relevante søkeord til søkemotorar.
Webutvikling
Å få utarbeida eit skreddarsydd design gjer også at me bygger nettside-malane frå botnen av. Me er opptekne av å bygga etter beste-praksis og skiljer "innpakningen" frå innhaldet, slik at dersom ein ynskjer stil-endringar i framtida kan me gjere det utan å bygga ei ny side. Denne sida skal kunne leve like lenge som den trengs, og vekse i takt med verksemda. Denne nettsida skulle også vere eit verkty for Verdibygg, som dei kan bruka til å formidla kunnskap og informasjon, og bli meir synlege for potensielle kundar. Det må vere enkelt å oppdatera nettsida sjølve dersom dei ynskjer det!
Lansering og vidare drift
Sida vart lansert og me hadde ei god kjensle på det avsluttande møtet før kvar gjekk til sitt. Sida skal haldast oppdatert, feilfri og kjapp, og det vert teken godt i vare på driftsplattformen vår. Logolink har kontroll på den visuelle profilen deira og er klare for fleire oppdrag!
Tips! Her får du våre Baseingrediensar til gode samarbeid.
Differensiering vs konkurranse
Denne casen er eitt døme på differensiering - å skilje seg ut frå kvarandre og vere best på ulike fag. Ein kan differensiere seg på andre faktorar også, til dømes å spissa seg inn på ein bransje eller målgruppe.
Differensiering vs samanslåing
Me særs glade i denne fleksible modellen som let oss jobba med dei beste og med det me brenn for. Saman kan me vere ein total-leverandør for dei som treng det, samstundes som små selskap kan leve og skapa verdi i bygda vår.

Differensiering i reiselivet
Dette var også meistertanken bak Saman-prosjektet for bedriftsmarknaden til reiselivet på Voss.
Del artikkel
