Må Women in Tech kunna noko om teknologi?

Den som kvir seg for å slå på datamaskina kan vel ikkje jobbe med teknologi?

Publisert 29. november 2024

Women in Tech - Foto: Thor Aage Lillestøl

Å jobbe med teknologi har mange inngangar. Ei av dei er å leie menneske.

Det var nettopp eit leiartreningsprogram i regi av Agenda Vestlandet som fekk meg med i Women in Tech-nettverket. Programmet går over 6 månader og er leia av Executive Coach Sarah Cartwright, ein av dei fremste spesialistane på kultur, kommunikasjon og prestasjon innan teknologifeltet.

Women in Tech - Foto: Thor Aage Lillestøl

Må sjukehusdirektøren ha medisinutdanning? Må dagleg leiar i ein bilbutikk kunne mekke? For å sette det på spissen - må CEO i ei tech bedrift kunne slå på datamaskina? På dette kurset er me 12 kvinner frå ulike bransjar - finans, forsikring, energi, media og fleire. Felles for alle er at me ynskjer å utvikla gode leiarferdigheiter, og dei grunnleggande kunnskapane for å vere ein god leiar er dei samme uansett kva bransje ein jobbar i. Det handlar nemleg om å leie menneske og då må ein fyrst jobbe med seg sjølv.

Kva fyrsteinntrykk gir du? Korleis oppfattar andre deg? Å prøve, feile, gi tilbakemeldingar og prøve igjen var morosamt å gjere saman med Sarah som har skodespelar-bakgrunn. Du kan øve på å vere kven du vil!

Ja, det er skilnader på kvinner og menn

Kva eigenskapar er det folk tillegg meg fordi eg er kvinne? Det er småirriterande at me fortsatt har fordomar basert på kjønn. Men det er nyttig å vita kva desse oppfatningane er og korleis me skal forholda oss til dei. Desse punkta kan sikkert mange kjenne seg igjen i:

  • Kvinner som er tydelege og direkte kan bli oppfatta som aggresive og "bossy", medan dei same eigenskapane hos menn ofte blir sett på som positive - me tenker at han er ein sterk leiar.
  • Kvinner som viser ambisjon og drifkraft kan ofte bli møtt med fordomar om at dei har "spisse albogar". Deira innsats for å oppnå gode resultat kan bli tolka som at dei prøver å tråkke ned andre, medan menn med same ambisjon blir tolka som målretta.
  • Kvinner blir oftare vurdert ut frå korleis dei balanserer jobb og familieliv, medan menn sjeldan blir vurdert på same måte og ikkje treng å forsvare sine prioriteringar.

Eg syntes at det er greit å vita om desse fordomane, men det er så viktig at me ikkje let dei avgrensa oss - denne kunnskapen kan brukast til å dukke unna slike tankesett, heia på kvarandre og forbetra leiarstilen vår. Det kan alltids menn gjere også ;)

Desse punkta er på forskning og du kan lesa rapporten på Hardvard Business Review: https://hbr.org/2020/11/how-to-develop-your-leadership-style

Frå Sarah sin presentasjon om ulike leiarstilar
Frå Sarah sin presentasjon om ulike leiarstilar

Kvinnelege leiarar med teknologibakgrunn er sjeldan vare

Det er generelt færre kvinnelege leiarar enn menn, og det er færre kvinner som jobbar med teknologi. Kombinasjonen av desse to er vanskeleg å finna! Leiarkurs og sjølvutviklingsprogram finst det mykje av, og dersom du ynskjer deg meir kompetanse innan teknologi treng ikkje vegen vere frykteleg lang:

  • Læring og utvikling: Det finst mange ressursar tilgjengeleg for å lære teknologi, inkludert gratis nettkurs, workshoppar og nettverk. Organisasjonar som Girls Who Code og Women in Technology tilbyr program for kvinner som ønskjer å lære koding og andre teknologiske ferdigheiter.
  • Mentorskapsprogram: Mange tech-selskap og organisasjonar har mentorskapsprogram som kan hjelpe kvinner med å navigere i bransjen og utvikle naudsynte ferdigheiter.
  • Nettverk og samfunn: Å bli med i nettverk for kvinner i teknologi kan gi støtte, inspirasjon og moglegheiter. Det finst mange grupper og arrangement, både lokalt og online, som fokuserer på å styrke kvinners deltaking i tech-bransjen.
PXL_20231102_115917244

Teknologi-fest berre for jenter

Girl Tech Fest handlar om å gi jentene tru på seg sjølv og vere med på å skape og drive teknologiutviklinga.

Les om teknologifesten på Voss her

Det finst fleire måtar ein kan delta i tech-bransjen på også. Mange teknologi-selskap treng ferdigheiter frå andre bransjar, som marknadsføring, prosjektleiing, HR, økonomi og kundeservice. Dessutan treng ein folk som kan omsetje teknologiske konsept til forretningsmål og brukarvenlege løysingar! Det handlar om å finne ei veg som passar dine interesser og ferdigheiter, og hugs at det er mange vegar inn i teknologi! 🚀

Women in Tech - Foto: Thor Aage Lillestøl

Alle bileta frå kurset er tekne av Thor Aage Lillestøl.

Fleire innlegg Maota

Hunnalvatn Media og Datahove på jobb!

Baseingrediensane til gode samarbeid

Samarbeid Loglink-Hunnalvatn-Maota

Ver RÅ på dine ting – differensier deg!

Intern-lansering av den nye portalen på Last Tuesday under Ekstremsportveko. Foto: Åsmund på Visit Voss

Visit Voss lanserer portal for bedriftsopplevingar!

Voss-roset-bwt