Kva tyder Maota?
I samband med prosjektet "Lyden av Voss" vart me merksame på ein ekte bordøl som forklarar uttryket Maota.
Publisert 16. mai 2024

Ambassadør for Vossamålet forklarar!
Vår kjære kollega på Meieriet, Yorick Gontarek i Front Film, har jobba i fleire år med prosjektet Lyden av Voss. Her om dagen kom han innom og viste oss eit engasjerande klipp av banksjefen i Voss Sparebank, som forklarar utrykket Maota. Ein som har vakse opp i Bordalen har gjerne teke betre vare på målføret enn vangarane og tilflytta bergensarar. Me klarar ikkje forklara uttrykket Maota på betre vis enn dette, så denne set me stor pris på!
PS: Om du ikkje er heilt stødig i Vossamålet og det går litt fort kan du lesa forklaringa på nynorsk under videoen:
Maota. Eit anna ord som ein brukte veldig mykje før var maota. Ein sa: Kva er klokka? Ho er 11, maota. Kvar er han Ivar? Han er på Vangen, maota. Altså, maota er slik som engelsk-mennene seier: You know, you know. Det er eit innfallsord som ein brukar. Og maota tyder må vita - klokka er 11, må vita. Eg er der borte, må vita. Så maota var slik som du høyrde over alt (...). Maota var veldig vakkert, som gjorde at språket vart mykje meir fullkome.
- Ambassadør for vossamålet, Jørund Rong
Del artikkel
