Eit spirande IT-miljø på Voss

Endeleg har me klart å samla oss på Voss! I kveld arrangerte me fyrste samling for Tekken.

Publisert 25. april 2024

IMG_8967-cr

Å halda seg oppdatert på teknologi er som å prøva å fanga byte i eit spel av Tetris som aldri sluttar. Det finst alltid mykje å finna på nett men me tilbringer jo nok tid aleine foran ein skjerm. Så ekstra stas er det når me kan møtast fysisk, dele kunnskap og eta pizza. I kveld arrangerte me fyrste samling for Tekken (les meir her: Velkomen til Verda, Tekken!)

Programmet starta med at Charlotte introduserte oss til Tekken, og summerte opp undersøkelsen som me hadde sendt ut i forkant. Denne viste at dei fleste av oss fyrst og fremst er interesserte i det sosiale aspektet ved eit slikt nettverk. Sjå tag-clouden som er basert på den her:

Dette var ei viktig påminning om at sjølv om me er samla rundt ein felles interesse for teknologi, så er det menneska og samhørigheten som verkeleg teller.

Kveldens tema: Etisk hacking

Høgdepunktet for kvelden var utan tvil (for min del i allefall) "talkshow ala Lindmo" der me intervjua kveldens gjest Lars-Georg Paulsen. Lars-Georg er ein anerkjent ekspert innanfor etisk hacking, og han tok oss med inn i si verd med fascinerande innsikt og demonstrasjonar.

Han viste oss korleis ein kan hacke ei nettside og demonstrerte kor viktig det er å ta datasikkerheten på alvor. Det var både lærerikt og engasjerande, og me fekk ein betre forståing av korleis hacking fungerer i praksis.

Capture The Flag

Til slutt satte Lars-Georg oss i gang med ein smakebit av CTF (Capture The Flag). Dette er ein type sikkerhetskonkurranse der deltakarane prøver å finne sårbarheiter i eit ferdig oppsatt system for å “fange flagget”. Det var ein flott måte å avslutte dagen på, og me gler oss til å lære meir om dette i framtidige meetups!

Tusen takk for bilder Romana!

Fleire innspel, jatakk!

Alt i alt syntes me at kickoff-arrangementet til Tekken var ein stor suksess. Me fekk innspel til fleire arrangement, som til dømes sensor-programmering, binærgitar og foredrag frå fleire tech-folk som held til på Voss. Me gleder oss til å fortsette å bygge dette nettverket og ser fram til mange spennande meetups i framtida!

Om du ynskjer å bidra på ein eller annan måte er du hjarteleg velkomen og me blir svært glade om du sender ein liten melding til tekkenvoss@gmail.com

Fleire innlegg Maota

Women in Tech - Foto: Thor Aage Lillestøl

Må Women in Tech kunna noko om teknologi?

Hunnalvatn Media og Datahove på jobb!

Baseingrediensane til gode samarbeid

Samarbeid Loglink-Hunnalvatn-Maota

Ver RÅ på dine ting – differensier deg!

Voss-roset-bwt