Baseingrediensane til gode samarbeid

Er det noko me diggar så er det å jobba saman med andre flinke folk som deler vår yrkesstoltheit, spesielt når dei også brenn for bygda vår!

Publisert 4. november 2024

Hunnalvatn Media og Datahove på jobb!
Slik kan dårleg planlagde samarbeid brått enda ;) Foto: Hunnalvatn Media

Maota er eit lite selskap som likar å vere dyktige til fingerspissane på sine fagfelt, og så kan andre vere rådyktige på andre ting, og til saman lagar me Crème de la Crème!

Forgjengaren til Maota, Datahove, starta opp som ein ekstern leverandør til eit design-firma (i Sauda!), og har sidan jobba saman med fleire selskap, både som oppdragsgjevar og underleverandør. Nokre har fungert knirkefritt, andre har trengt ein del smurning. Uansett er det erfaringar som me kan ta lærdom av, og me har vel lært mest av dei prosjekta som skurra verst! Les til dømes: Kvifor snakka høgt om å feila.

Bli best!

Frå tida då Datahove leigde kontor på Voss Prenteverk delte me filosofien om at ingen kan vere gode på alt, så hald fokus på faget ditt og bli best i det! Sjølvsagt er det freistande å sei ja til all inntektsbringande arbeid! Men etter å ha jobba med dyktige fotografar, tekstforfattarar og designarar så veit me at bak gode resultat ligg mykje jobb, kreativitet og bearbeiding, og det skal kunne sjåast både i detaljane og i heilheita.

Me har også blitt dyktige til å sjå kva som funker og ikkje funker (perfeksjonistar), men veit at me bruker minst dobbelt så lang tid sjølve på å utarbeida dei rette detaljane, til dømes om ein fargetone skal ha 1% meir eller mindre av det eine eller det andre, om ein knapp burde ha 10 eller 12 pikslar padding, og så vidare. Så når det finst andre som kan hjelpe med å levere jobben minst dobbelt så bra, dobbelt så effektivt, kva er poenget med å knota?

Frå tida med Voss Prenteverk og Store Steg. Foto: Rune Smistad

Her kan du lesa om eit nyleg prosjekt der Maota samarbeida med Logolink og Hunnalvatn Media: https://maota.no/aktuelt/samarbeid-vaer-ra-pa-dine-ting/

Ikkje berre gull og grøne skogar

Me får vel nett avsløra at samarbeid mellom eksterne har etter våre erfaringar større sjans for spore av enn om heile prosjektet vert utført under same tak. Kvifor? Ein kan lage ein kjempefin plan men dersom det dukkar opp uforutsette ting undervegs, og det ikkje er teke høgde for, så kan etter kvart prosjektplanen spora av slik at ingen veit heilt kva tid ein kan forvente framgang.

Bømoen - kvifor eit av samarbeida nesten havarerte

Me skuldar på Bømoen!

Og her kjem døme på kvifor eit slikt samarbeidsprosjekt tok mykje lengre tid enn planlagt. I utgangspunktet eit ukomplisert samarbeid med klar arbeidsfordeling og avtalte milepælar, men så skjedde det noko. Eit stort friluftsområde i bygda vår står på spel (forhåpentligvis kan me snart skriva "stod"). Me kjende i ein kritisk periode på at me ikkje hadde noko val. Skulle me klare å gjere dette prosjektet så bra som me ville OG engasjera oss for å ikkje mista store deler av skogen, så måtte med knipa att augo for at milepæl-datoane suste forbi.

Me venta på ein leveranse frå ein av samarbeidspartnarane våre, men visste at dei også jobba med Bømo-saka. Heldigvis har kundane i denne perioden vore særs tolmodige (sjølv om me ikkje anar kva dei meiner om Bømoen)!

Så no skal eg droppa ei bombe her: Trugslar mot samfunnet der frivillige må engasjera seg for å ordna opp, fører til at næringslivet også går treigare! Dette er ikkje eit politisk innlegg men bruk det gjerne som døme. 

Felles verdiar redda prosjektet

Tilbake til poenget - dersom ikkje prosjektpartane hadde hatt det same verdigrunnlaget er det usikkert om me hadde klart å samarbeida vidare når dei avtalte fristane vart skyvd så veldig på. Å få lov til å prioritera samfunnsprosjekt før inntektsbringande arbeid gjer det meiningsfullt å jobba i Maota og i samarbeidsprosjekt som dette. Men det let seg altså ikkje gjere utan felles forståing om kva som er viktig å prioritera.

Korleis få det til?

Her oppsummerer me base-ingrediensane til gode samarbeid. Uansett kven du skal samarbeide med, om det er innafor samme verksemd eller utafor, så føles det godt å sjekke av på desse punkta (det kan fort bli vondt å ikkje gjere det):

Baseingrediensane:

  • Tydeleg kommunikasjon

    Åpen og ærlig kommunikasjon er grunnlaget for eit vellukka samarbeid. Dei andre må vita kva du forventer av dei, og du må vita kva dei forventer av deg. 

  • Klar ansvarsfordeling

    Kvar person må vita kva dei er ansvarlege for, Maota!

  • Felles mål

    Alle i prosjektet må ha felles forståing av måla og kva ein prøver å oppnå (tips: les artikkel om OKR her).

  • Tillit

    Bygg tillit mellom teammedlemmane. Då vert det enklare å kommunisera og ein får eit godt arbeidsmiljø.

  • Fleksibilitet

    Evne til å tilpasse seg endringar og utfordringar undervegs i prosjektet. Du kan rekne med at dei kjem.

Felles verdigrunnlag er ikkje eit av punkta

Ein kan fint samarbeide sjølv om ein har ulike syn på verda og kva som er rett og gale. Men desto viktigare er det å følge punkta i Baseingrediensane for gode samarbeid.

Crème de la Crème vs Risiko for forsinkingar

Det er altså ein risiko med slike samarbeidsprosjekt mellom eksterne spesielt: At det kan ta lengre tid enn forventa. Dersom ein avtalt del-leveranse vert forsinka, så baller det fort på seg når dei andre ikkje får gjort noko og blir sitjane og venta, eller må starte på andre prosjekt for å få hjulene til å gå rundt. Men vil du verkeleg ha Crème de la Crème så må ein vere kompromisslaus på kvalitet, og dei fleste vil sei at det er verd å vente på.

Kommuniser jevnleg!

Planlagte, jevnlege og hyppige statusoppdateringar, sjølv i tilsynelatande små og enkle prosjekt gjer at små avvik blir retta opp før dei veks seg store og ein kan avdekka evt forseinkingar tidleg. Slik kan ein også finna løysingar og endre fokus på kva som er mogleg å levere til kva tid.

Korte møter på 5-10 minutt, gjerne på teams eller telefon, kan spara teamet for mykje e-post!

PS: Dette veit du sikkert, men slike samarbeid treng ein dedikert prosjektleiar. Ho sikrar struktur, koordinasjon og at prosjektet held seg på sporet mot dei felles måla. 

Fleire innlegg Maota

Women in Tech - Foto: Thor Aage Lillestøl

Må Women in Tech kunna noko om teknologi?

Samarbeid Loglink-Hunnalvatn-Maota

Ver RÅ på dine ting – differensier deg!

Intern-lansering av den nye portalen på Last Tuesday under Ekstremsportveko. Foto: Åsmund på Visit Voss

Visit Voss lanserer portal for bedriftsopplevingar!

Voss-roset-bwt