Ledige kontor i fellesskapet vårt

Pt har me desse ledige kontor-plassane. Ta kontakt om du vil komma innom og sjå!

Prisane er eks mva

Coworking space = samarbeidsrom

På Voss finn ein mange frilansarar og små verksemder som er rådyktige på sine fagfelt. Ofte set ein stor pris på fridomen men ein saknar eit fellesskap og sosialt miljø. Det er ekstra kjekt å vere i eit fellesskap saman med andre som brenn for sine fag! Per no er desse verksemdene å finna her, og me vil gjerne blir fleire!

maota-white-full

Maota administrerer topp-etasjen og driv elles med alt frå strategi- og kommunikasjons-rådgjeving, utvikling og nettsidebygging.

FRONT-WHITE

Front Film produserer film og bilete, og har alltid fantastiske prosjekt på gong. Anbefalar å sjekke nettsida deira for inspirasjon!

datahove-logo-300dpi

Datahove AS er både opphav og del-eigar av Maota. Datahove driftar i tillegg nettsidene våre og kjem innom når me ropar om hjelp, dersom det er noko gale med nettet eller liknande utfordringar.

Vil du vere her?

astronaut1.png

I det herrens år 2023 tok Voss sitt store meieri-eventyr slutt, då Tine bestemte seg for å avslutta drifta her. Inn kom lokale heltar og redda bygningsmassen frå ein sannsynligvis kjipare sjebne. Maota har innstallert seg i topp-etasjen på ubestemt tid men ryktene seier at me får vere her i nokre år. Vidare høyrer me snakk om konsert- og øvingslokale, bryggeri, bar og mykje anna moro som skal koma nede. Me har noko ledig plass her oppe, så dersom du er ein slik som likar å gripa moglegheiter tidleg, utan å vere heilt sikker på kva som kan komma ut av det er det allereie stor sjans for at du passar inn. Vil du koma innom og sjå?

Utsikt frå kantina

man-field.png