Kvifor snakka høgt om å feila?

"En mann skulle aldri skamme seg for å tilstå at han har feilet, for dette er jo i virkeligheten å si at han er klokere i dag enn i går." - Abraham Lincoln

Publisert 16. februar 2024

PXL_20240215_160310459.MP~2

I år fekk eg ein særdeles hyggeleg invitasjon til å bli med på Feilefest.24, eit årleg arrangement som samlar teknologifolk, utviklarar og nysgjerrige sjeler for å feira (og læra av) kvarandre sine feil. Her får ein altså høyre historier frå folk som har snubla, falle og reist seg att. Det er ein ærleg og inspirerande arena der det å snakka høgt om eigne feil blir mindre skummelt, og når eg tenker på det blir det då mykje mindre skummelt å prøva også. Hopp i det, kva er det verste som kan skje?? Men pass på, definisjonen av Galskap i følge Albert Einsten:

Galskap er å gjøre det samme om og om igjen og forvente et annet resultat.

Fleire grunnar til å snakka høgt om feil

  • Læring: Når me deler feil med andre, lærer vi ikkje berre av dei sjølve, men også av andres erfaringar.
  • Fellesskap: Feilefest skapar eit fellesskap der vi kan støtte kvarandre og vekse saman.
  • Innovasjon: Feil kan føra til nye idear og innovative løysingar!

En mann som ikke begår feil, utretter som regel heller ikke noe.

Edward John Phelps

Feilefest.24 var ein ettermiddag fylt med latter, innsikt og inspirasjon. Eg forlet arrangementet med ei kjensle av takksemd og fornya forståing av kvifor feil er ein naturleg del av reisa vår. Så neste gong du gjer noko feil, hugs at det er ein moglegheit til å lære og vekse. Og kanskje ser eg deg på Feilefest.25!

Fleire innlegg Maota

Women in Tech - Foto: Thor Aage Lillestøl

Må Women in Tech kunna noko om teknologi?

Hunnalvatn Media og Datahove på jobb!

Baseingrediensane til gode samarbeid

Samarbeid Loglink-Hunnalvatn-Maota

Ver RÅ på dine ting – differensier deg!

Voss-roset-bwt