Designkonkurranse for Vossa Jazz

No må me gjera noko ekstra, sa radarparet Trude og Kari på jazz-kontoret. Me har kost oss med kreative påfunn for denne sida nokre gonger allereie, men no snakka me om 50-års-jubileum!

Publisert 14. januar 2023

VossaJazz_Homepage-4-3

Me trur alle som har fått oppleva denne konfettien av ein festival har fantastiske, kanskje litt rare men i allefall sprelske minne frå mangfaldige dagar og netter på Vangen under palmehelga. Me skal ikkje koma inn på våre eigne nattlige eskapadar i gamle Fraktgodsen og tidlige timar gatelangs i Bonangergata, men heller fortelja deg om det kjekke redesignet me fekk gjera.

Stort arkiv i ny drakt

Det som er flott men utfordrande med Vossajazz.no er at dei har eit utrulig omfattande arkiv. Enorme mengder informasjon om alle dei kjekke opplegga denne gjengen har føreteke seg, over snart 50 år! Så ein skulle jo tru at å redesigna eit slikt monster av ein nettstad skulle kosta eit fjell av tid og pengar. Men denne sida utvikla me i 2013 (då heite me Datahove) og som seg hør og bør så er innhaldet separert frå designet. Det vil sei at ved redesign så treng ein ikkje ei gong røra innhalds-sidene, det ligg trygt forvart i databasen, så me treng berre å byta ut fargekodar og grafikk filer og vipps så har sida fått ei ny drakt (ok ikkje heilt vipps, men det er mindre omfattande enn ein skulle tru).

Og no skal me visa nokre av dei artige forslaga me fekk inn på designkonkurransen!

Ja me kan jo røpa at me ikkje er designarar sjølve, men samarbeider med dei designarane me diggar, og som har passande stil til prosjektet. Denne gongen måtte me slå på stortromma og arrangerte åpen designkonkurranse. Me fekk inn over 30 forslag i ulike stilar, og det vart litt av ein jobb saman med jazz-kontoret, å velja ut nokre favorittar som fekk jobba vidare med prosjektet. Her er nokre av dei:

Fleire kreative forslag rann inn, men me var særs nøgde og samstemte med jazz-damene for eit design med meir kunstnarleg uttrykk, med penselstrøk-grafikk som passa særs godt med Vossa Jazz logoen (i si tid utarbeida av sjølvaste vossa-kunstnar Sveinung Iversen).

Me gratulerer den komande 50-åringen med ny profil og nettside!

Fleire innlegg Maota

Women in Tech - Foto: Thor Aage Lillestøl

Må Women in Tech kunna noko om teknologi?

Hunnalvatn Media og Datahove på jobb!

Baseingrediensane til gode samarbeid

Samarbeid Loglink-Hunnalvatn-Maota

Ver RÅ på dine ting – differensier deg!

Voss-roset-bwt